søndag 17. oktober 2010

Tankar omkring det å bu og bustad

Rart å tenkje på at det er over 30 år sidan den vesle familien leigde si fyrste leiligheit og kort tid etter bygde sin fyrste bustad. For meg kunne dette like gjerne ha skjedd i fjor. Er det slik at all den kunnskap som var den gong er heilt avleggs i dag? Eg trur ikkje det.

Kunnskap rundt det å bu og det å setja opp eit bygg føl berre delvis alle skiftningar når det gjeld utsjånad og utforming. Dei som ein gong har eigd eit hus veit at det treng haldast vedlike. På same vis kan ein seia at nokre sannheiter aldri vil eller kan følgje ulike moteretningar, utan at ein samstundes tek omsyn til at eit hus står ute både sumar og vinter. Og ute vil seia under svært så ulike tilhøver. Vi som bur på Vestlandet må alltid ta omsyn til regn og vind. Medan innlandsklimaet krev at ein tek meir omsyn til kulde. Av den grunn må ein bygning som vert sett opp på tjukkaste Hedemarken, ha ein annan utforming enn om den vert bygd ute i havgapet i Øygarden.Mange har prøvd gjennom åra å ikkje ta omsyn til ulike klima, noko som har kosta dyrt, ikkje minst for huseigaren. For nokre år sidan, ganske mange til og med, heitte det seg at no var det ikkje naudsynt med forhudningspapp på ytterveggen, kun ei remse rundt vindauger og dører. Dei som fabrikerte asfaltimpregnerte plater hadde fått ei slik løysing godkjent av rette kontrollinstans. Men heldigvis fanst det ein del gamle stabukkar i den lokale etaten, som nekta å godkjenna ei slik løysing. Mange kan i dag takka desse for at ein måtte nytta papp i tillegg. Det kosta nokre kroner ekstra den gongen, men i dag skjønar ein at dette var godt anvendte midlar.

På syttitalet, som er den epoken eg kjenner aller best, minnest eg at Den Norske Stats Husbank ikkje ville godkjenna lån til hus med såkalla flate tak. Sjølvsagt vart det bråk rundt ei slik avgjerd. Produsentar av ulike taktekkings-materialer protesterte straks og etter nokre år gav husbanken etter. No er vi igjen i full gang med å setja opp husvære med flate tak på Vestlandet. Kor lang tid vil det ta før ein får problem med lekasje? Det kan godt vera at det både er billigare å produsera hus med slike løysingar og at dei til og med er meir spanande å sjå til, men kor lenge held dei tett og kva skader vil dukka opp med åra? Ein eldre husbyggjar sa ein gong til ei forsamling fagfolk, at når det var snakk om såkalla vedlikehaldsfrie produkt, var dette noko ein skulle sky meir enn pesten. Han forklarte det med at om eit produkt var vedlikehaldsfritt var det det same som at det ikkje kunne vedlikehaldast, igjen vil det seia det måtte skrotast.

Dette høver då dårlig når ein samstundes snakkar om å ta vare på miljøet. Slik er det eigentleg med alle former for produkt som ikkje kan reparerast. Kansje dei som er unge i dag skal ta litt omsyn til ålmen kunne? Det er ikkje sikkert vi får det til med dagens generasjon heller men ein kan håpe. For det har alltid vore slik, at dei unge er meir opptekne av at livet skal vere enkelt og det som er gamalt er gjerne umoderne. Vi veit så mykje meir i dag om ulike emner enn til dømmes ein gjorde for 30 og 40 år attende. Men det er kun tida som kan vise kva som er varigt eller berre ei kostesam døgnfloge.

Etiketter: