tirsdag 11. oktober 2011

Eit sykkeldikt

Eg hadde tenkt å skrive eit sykkeldikt
Det skulle handle om å sykle
Om trøer, spiler, luft. gir og slikt
Om svette, tørste, slit og gikt
Halde ut, stå på, lyst og plikt

Eit slikt dikt kan ta deg med vidt
Det krev som anna at du vil
Det kan falle enkelt eller stridt
Byggje seg opp litt etter litt
I starten er det mitt men kan bli ditt

Når du gjer deg klar til ein sykkeltur
Er det ein del ting du må gjere
Som å smørje mot sol då er du lur
Fylle på luft og drikke og nytte ur
Men viktigst er å huske kor du bur

Då er du mest klar til å leggje i veg
Bortover brustein og asfalt
I det tempoet som passar deg
Tenkje teknikk ta steg for steg
Ha gode vener når ut du dreg

Etter mange lange mil på eit sykkelsete
Er det himmelsk å kome attende
Til ein dusj, ture klede og ein matbete
Kansje eit glass med innhald frå hvete
Etter ein finfin dag i solens hete

Etiketter:

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden